mandag 19. januar 2009

Bruk av bloggen

Vi håper lag og organisasjonar i Brandsøya vil bruke bloggen aktivt. Passord og tilgang får ein ved å ta kontakt med Lise Monsen eller Hege Eggen.

Link til Steinhovden sin blogg:
http://www.steinhovdengrendalag.blogspot.com/

Dei bruker bloggen til publisering av små og store arrangement. Og slik ser vi for oss at Brandsøybloggen også kan brukast.

Auksjonskafè i Brandsøy

Søndag 15. februar blir det Auksjonskafè i Brandsøya og alle i bygda er hjarteleg velkomne. Det blir auksjon av leikar (for borna) og kafè for alle.

Klokkeslett og meir om kafèen kjem seinare.

Helsing FAU

Ps. Vi er på jakt etter ein engasjert auksjonarius - nokon som føler seg kalla ? : )

FAU-møte 20.01.2009

Då er det tid for årets første FAU-møte. Vi møtes på skulen kl. 19.00. Saksliste er sendt på mail.

Vel møtt.